Telemark

Tove Bringsvær

FYLKESLEDER 

908 38 215


Eg er fødd og oppvaksen på Bringsvær, ein passe stor gard lengst syd i Vinje, som eg og familien flytta tilbake til og tok over i 2015.


Eg har vore politisk engasjert sidan 2019, med styreleiarverv dei 2 siste åra.


Eg oppteken av at me skal ha låge og føreseielege straumprisar for alle innbyggarar, næringsverksemder og hyttefolk - låg og føreseieleg straumpris er eitt av fundamenta for mest all næringsverksemd.
Eg håpar me skal få til ein lang tunnel gjennom Haukelifjell for å styrke E134 som hovudferdselsåre - det er viktig for næringslivet.

 

Sentralt er eg også oppteken av å gjere noko med straumpolitikken.

Me skal fyrst og fremst syte for innbyggarane våre og bygge/utvikle Noreg som nasjon.

Eg er imot at me brukar milliardar til klimaprosjekt som ikkje vil ha nokon som helst effekt, me må heller syte for at alle innbyggarane våre kan få dekt sine basale behov.
Eg vil offentleg sløsing og veksande byråkrati til livs og er ikkje det minste interessera i EU-medlemskap. EØS-avtala fungerer heller ikkje for Noreg.
Dette er ikkje saker dei etablerte partia ser ut til å ville jobbe med, men INP vil og difor melder eg meg inn i INP.

Det er veljarane som er fundamentet i demokratiet - men politikarane ser ikkje ut til å bry seg om veljarane sine lenger.
Tida er overmogen for å ta dei store samfunnsutfordringane på alvor - det må styrast med sunn fornuft og avgjerslene er det politikarane som skal ta og ikkje byråkratane.

Endring kjem ikkje til å skje med dei etablerte partia og deira politikarar ved roret - nye folk, nye krefter og nye tankar må på plass!

 
 
 
 

Lokallag i Telemark

Porsgrunn INP: Gunnar West Sørlie porsgrunn.telemark@inpartiet.no

Medlemsansvarlig: Rune Haugen

medlem.porsgrunn@inpartiet.no


Skien INP: Jørn Even Risinggård

skien.telemark@inpartiet.no


Kragerø INP: Roar Welton Jacobsen

kragero.telemark@inpartiet.no


Vinje INP: Knut Erik Jordstøyl

vinje.telemark@inpartiet.no